onsdag 30. mars 2011



Ein kjempe bamseklem til svigermor, sjå kva vi har fått.  Påskeløpar, duk i seglbåten og 4 mugrug, vi hadde fått 2 frå før, nokon som er misunneleg?  Nydeleg alt saman, blei kjempeglad.

fredag 25. mars 2011

Roser


Ønsker alle som er innom bloggen ei riktig god helg!
Pandi ville gjerne og vere med på god helg helsing til alle katteeigarar, om å ta godt vare på kattane sine.

torsdag 24. mars 2011

Påskekylling


Då er det snart tid for påskekyllingane, har strikka ein liten kylling med hekla kam.

lørdag 19. mars 2011


Dagen i dag har vore vasking av heile huset, det må dessverre gjerast har eg funne ut. 
Det er difor kjekt at eg har ein kaill som likar å lage mat, i dag blei det skinnsteikt kveite med mandelpotet purre, ovnsbakt fenikkel og skogsopp saus med frityrsteikte gulrøtter. 
Smakte fortreffeleg. 
Kokken såg nesten ut som han over etterpå
Forresten fekk eg forrett og med honningmelon og parmaskinke først.

onsdag 16. mars 2011

Basargevinst




Snakk om flaks, Theo vann ein flott verktøykasse på basar på Sande. 

søndag 13. mars 2011

Sybilde


Endå eit bilde eg har sydd, her er det utruleg mange timar som er lagt ned og som dei andre bilda eg har laga, har eg også her spandert ei skikkeleg ramme på.  Det lønner seg.

lørdag 12. mars 2011

Pandi


Pandi ventar på våren, syns det blir veldig kjedeleg å vere så mykje inne.  Heilt klart utekatt og ikkje minst jaktkatt, denne vinteren syns han det har vore litt for kaldt og litt for mykje snø.

torsdag 10. mars 2011

Stripete sokkar

Omsider er dei stripete sokkane ferdig til Jeanett og ligg no klar til påske, og forhåpentlegvis eit bilde med brukaren i.

torsdag 3. mars 2011

Mugrug

I dag kom premien i posten, eg var så heldig å vinne to mugrug frå Quiltefia.  Kjempefine.  Tusen takk.