torsdag 19. desember 2013


 
Se på et levende lys,
det skinner.
Et symbol på håp og glede.
Se på et levende lys,
det skygger.
Et symbol på sorg og savn.
Se på et levende lys
det slukner.
Et symbol på alt som var.
Se på et levende lys,
det gnistrer.
Et symbol på det vi har.
 
 
 
 
Ei riktig god jul til alle som er innom bloggen.

lørdag 7. desember 2013

Dennis



I går var eg ein liten time til Førde, når eg kom heim igjen må eg sei at eg sperra opp auga.  Trudde eg hadde vore lur og flytta unna det meste, men den gang ei. 
Her var det ein som hadde tenkt å lese juleoppskriften mine, men som du ser, då på ein litt annan måte ein matmor.
 


lørdag 9. november 2013

Tøfler og Dennis


Har strikka eit par tøfler i frå bladet småstrikk av Familien.
Garnet eg har brukt er Safirgarn.

 Undersida av tøffelen.
Størrelsen skal vere 37 - 40.
 Rundt oppe har eg hekla ein kant.
 
 
Dennis
 
Sjå så fin han er, eit nydeleg lite under.
 



søndag 20. oktober 2013

Dennis

 I går var vi i Solheimsdalen og henta border collien vår, han var ein av sju søsken, nydelege alle saman, men selvfølgeleg var vår den finast:)
Namn har vi hatt fleire av, men har no endå på Dennis, same namn som faren, mora heitte Kasi.
 Slik sov han heim i bilen, det var ikkje antydning til bilsjuke heldigvis.  Var nesten uverkeleg at denne var vår no. 
Katteleikar er og moro.
 


onsdag 25. september 2013

Strikka babysokker

 
 
Har strikka eit par babysokker til Tilde.
Har lenge hatt lyst å lage dei og no fekk eg endeleg anledning.
 
Oppskrifta fann eg på denne bloggen her.

søndag 11. august 2013

Strikka tøfler og mjuke bølgevottar



Har strikka eit par tøfler, fann oppskrifta gjennom bloggen til http://barlandobyhand.blogspot.no/.
 
Vottane har eg strikka ein gong før, syns dei er så fine og veldig snare å strikke.

onsdag 7. august 2013

Kaptein Sabeltann genser



Lenge sidan det har vore innlegg på bloggen, litt greitt å ta ferie frå den og av og til.
 
Har strikka Kaptein Sabeltann gensar til Theo.  Har hatt
 ei uforgløymeleg veke i Haugesund med han, ein gullgut.
 

 Gull knappar og gull øyreringar måtte og til.
 Gensaren er strikka i Free Style fra Dalegarn, 100% rein ull.

 
Eit skrytebilde av den nydelege lille prinsessa, har strikka nokre småplagg til henne og men det blir i neste innlegg.

søndag 9. juni 2013

Hekla sokker til baby

 
 
Har hekla eit par små sokker til kjolen, det var ikkje mønster på det i oppskrifta, men fann nokre andre i same heftet, nr 277 Dale garn.
 

fredag 7. juni 2013

Hekla og sydd kjole


 
Syns denne kjolen var så lekker og måtte berre prøve å lage ein, sjølv om symaskina og eg ikkje har heilt rett kjemi.
Utruleg nok så samarbeida vi godt og her er resultatet.
 
Har brukt Dale baby ull på det eg har hekla.

Nokre fine knappar måtte og til.

 
Så no venter eg berre på prinsessa.

tirsdag 28. mai 2013

Strikka vest til Theo



Har strikka ein vest til Theo, ei oppskrift eg fann i Norsk Ukeblad.
 
Sidan elefantar sto på ønskelista leitte eg på nettet og fann desse, som eg syns var litt søte.
Hadde kanskje vore lurt å sy dei på i staden for å strikke dei, men slik blei det då.
 
Har brukt garnet Smart, 100% ull, superwash.




Har vore så heldig og få vere ein av dei tre finalistane på
Pinnekroken med den hakka babyjakka.

 

Avstemning mai - Sikksakk

Takk for flotte bidrag! Denne gangen ble finalistene:
   

  Injosa med en søt hakka babyjakke: 
   

 

mandag 6. mai 2013

Hakka babyjakke

 
Har prøvd meg på ei hakka baby jakke, etter oppskrift eg har fått av svigermor.
 
Jakka er i størrelse 3 -4 mnd. og eg har brukte garnet King Cotton. 
 
 

 

 
Nærbilde av sikk sakk boblene.


mandag 15. april 2013

Buksedress og hue



Fann ei oppskrift på Drops sine sider av ein buksedress og hue til baby og har strikka den
 i størrelse 1 - 3 mnd.
 
Settet er strikka i Drops Merino extra fin ull.

 
Mykje fletting, men på begge sider er det perlestrikk, syns det gjorde seg.


lørdag 23. mars 2013

Kortbukse


Ei lita kortbukse, strikka av garnet eg vann for ei tid tilbake.  Eg hadde i utgangspunktet tenkt på sparkebukse, men mønsteret eg brukte som eg fann på nettet, nettopp til dette garnet, var umuleg å forstå siste del.  Prøvde men det blei veldig rar fot.

Det skal vere to knappar til når butikken får inn fleire.



tirsdag 12. mars 2013

Strikka teppe




Då er teppet ferdig, 265 x 126 cm, eg har hatt heile 210 masker på pinne nr. 15 som utgjorde dei 265 cm og så har eg strikka 126 cm.
Puh, litt av ein jobb, men syns det blei ganske fint.
 
Mønsteret er å finne i heftet til Sandnes garn, jul og interiør om nokon skulle ha lyst å prøve.
 
 


onsdag 20. februar 2013

Evighetsprosjekt?


Nei, håper ikkje det, det veks iallefall.  Har til no strikka 2 kg av til saman 3 kg garn av Sandnesgarnet Easy.

mandag 14. januar 2013

Strikka teppe


Det har vore heilt umuleg å legge inn bilder på bloggen min etter nyttår, men endeleg har eg funne løysinga, det var berre å laste ned google chrome.  Tenkte eg ville nemne det i tilfelle andre har problem.

Her er mitt nye prosjekt, eit teppe til Jeanett.
Det skal bli 265 x 126 cm, så eg har eit stykke igjen, pinnane eg bruker er nr. 15.


Elles har eg vunne ein give away for ei god stund sidan, det var på bloggen til  http://tantemaraj.blogspot.no/
Eit nydeleg garn i den flotte fargen i lag med nokre knappar.